Rosendal Fjellsport vart stifta i 2011, då under namnet Skarsbu formidling. Dei siste åra har vi sett ein stor auke i interesse for turar og opplevingar i området rundt Rosendal og Folgefonna, både vinter og sommar. Valmoglegheitane til turistar som ønsker guide og føring har ikkje vore veldig store, og vi såg derfor potensiale og behov for å opprette nettopp dette tilbodet. Med lokal tilknyting og kjennskap til fjella veit vi kvar dei fine opplevingane finst, dei flottaste nedkjøringane på ski og dei vakraste utsiktene frå toppane. Bli med oss på tur!
Våre mål og visjoner:
- Heile vårt grunnlag for eksistens er naturen, derfor ser vi på det som vårt ansvar å ta vare på den. Sporlaus ferdsel står sentralt i all vår aktivitet. Det mest synlege etter vårt besøk er skispora i fjellsida. Ved å ta vare på natur, kultur og miljø jobbar vi for eit berekraftig reiseliv.
- Vi setter sikkerhet og trygghet først. Det er alltid knytt ein risiko til å ferdast i eksponert fjellterreng, men vi vil lære deg å ta gode og trygge val for å få dei beste opplevingane i naturen.
- Vi ønsker å gi deg ei så god oppleving som mogleg, og streber etter å ha kvalitet i alle ledd, frå første kontakt til du er vel heime frå tur.
