Klassikaren Omnatind
Omnatind, den vetle tinden som kviler på bandet mellom den meir kjente Melderskin 1426 moh og Omnen (Inste Laurdalstind) 1380 moh, er gjerne det fjellet folk flest legg turen til når dei kjem til Rosendal for å gå tur på alpine turski.
Fakta:
Høgde: 1360 moh
Lengde: 5-7 timar
Sesong: Januar-mai
Vanskelegheitsgrad: Middels
Tlf til bomnøkkel: 909 74 030
Det er ikkje utan grunn at Omnatind vert sett på som kanskje den mest klassiske turen ein kan ta når det gjeld topptur i området. Turen i seg sjølv er ikkje spesielt teknisk vanskeleg, og store deler av turen går i relativt skredtrygt terreng. Her er det viktig å merke seg at ruteval og vurdering av skredfare er viktig å kunne ha kontroll på for å unngå å hamne i trøbbel. Meir om det etterpå.
Vanlegvis byrjar turen ved Myrdalsvatnet, 374 moh. Om vegen inn til vatnet er snøfri, så er det mogleg å køyre inn ved å betale 150,- kroner per personbil. Merk at på vinterstid, når det er snø i låglandet, så vert det ofte køyrt langrennsløype inn til vatnet. Det er ikkje nemneverdig populært blant dei lokale om ein vel å druse av gårde i SUV-en sin og øydelegge turløypa. Er det køyrt turløype, ja, då kan du parkere på Kletta, ta fellene fatt og gå inn. Du er på tur uansett, og ein liten time ekstra å gå, går bokstaveleg talt fint.
Ruteval
Vegen opp til Omnatind seier seg eigentleg sjølv, men det er nokre viktige punkt ein skal vere obs på. Etter å ha parkert bilen så skal du følgje ein traktorveg som tek deg oppover lia. Det er lurt å følgje denne traktorvegen nesten heilt til endes. Mange tek av frå skogsvegen for tidleg, og då må du knote deg gjennom til dels tett skog, men verst av alt er at du fort hamnar i utløpssoner for skred. Følg difor sumarruta opp. Det er tryggare.
Når du kjem opp gjennom skogen så har snøen ein tendens til å endre karakter. Om du vel sumarruta opp, altså langs Nipeelva, så bør du etter kvart, når du kryssar skoggrensa, holde til venstre for elva, forbi det dei lokale kallar Nipetongen. Det er mange som legg ruta for mykje til høgre i skaret kryssar følgjeleg under dei bratte partia til høgre i Nipeskar, ein unødvendig risiko. Det er eigentleg berre flaks at det ikkje har hendt noko her. Spesielt på vårparten, når sola byrjar å ta meir i dei vestvendte henga, er dette partiet ekstra ustabilt. Etter at ein har vandra opp gjennom skaret og er oppe på bandet, så følgjer du i stor grad enklaste veg mot toppen. Det er vanleg å ta av seg skia på ryggen før ein eventuelt går opp på sjølve tinden. Ein bør vere litt ekstra varsam om ein vel å gå på toppen med omsyn til utglidingsfaren, spesielt om det er hardt. Stegjern, eller i alle fall ei lita isøks kan vere lurt å ha med seg.
Frå toppen er det mange moglegheiter for nedkøyring, alt etter kva rådande skredproblem og i kva himmelretningar ein har det i, og ikkje minst eins eigen dugleik på ski. Mange legg turen ned i Øvre Myrdal. Vel du denne så vil det verte brattare jo lengre mot skikøyrars høgre du kjem. Vel nede i dalføret så må du ta på fellene att og sikk-sakke deg opp att på bandet. Etter det kan du vende blikket ned Nipeskar og mot Myrdalsvatnet. Om du har tima tida godt så kan du få ei flott nedkøyring i solnedgang – i vest bevegar sola seg gradvis ned. Ljoset på kveldar som dette kan ta pusten frå ein.
Rydd opp etter deg!
Vi ser på fjellet som reint, ekte og ærleg. Det gir oss mykje glede og meistring. Om fjellet kunne ha snakka så innbiller eg meg at det ville sagt at alt det ville ha i retur var at vi behandla det godt, og at vi rydda opp etter oss. Vi skuldar naturen å halde den rein. Anten det er ølboksar, emballasje eller dopapir.
Eg vil difor kome med ei oppmoding: Fyrst og fremst, plukk opp boss etter deg. Det inkluderer dopapir. Må du på do, noko vi alle må iblant, så ver gild å ikkje gjer det midt på stien eller på dei mest opplagte rasteplassane. Det er ikkje så hyggeleg når hunden snusar opp restane etter ein eller anna person sitt dobesøk, bak steinen der du sit og et nista di. Om vi alle tek litt omsyn, så vert alt så mykje trivelegare.
God tur!
Snørapport per 03.02.2022
Vi går framleis å ventar på stabilt vintervêr. Til no har vintervêret fungert meir som ein jojo, der mildvêrsgrensa har variert frå 0 moh til 1500 moh. Det er ikkje oppskrifta på stabilt og godt skiføre, men lukkelegvis byrjar det å nærme seg litt vinterlege forhold i fjellet. Jo lengre vekk frå fjorden, og jo lengre inn i dalane ein kjem, jo større sjanse er det for å finne skiføre for både alpine turski og fjellski. I området rundt Omnatind så har vi no ein base av ulike smeltelag og is frå tregrensa og opp. Avhengig av mildvêrsgrensa gjennom dei neste dagane, så kan ein potensielt finne bra skiføre her. Det er meldt relativt mykje nedbør den neste perioden, men det er også meldt ein del vind i høgda frå sør, sørvest og vest. Temperaturen skal variere litt, men er vi heldige så kan vi få ganske mykje snø i høgda, og i kombinasjon med vind så kan områda som til dømes rundt Omnatind få bra dekning. I veka som var så var det framleis mykje stein som stakk opp, så å velje dei nyaste skia er truleg ikkje veldig lurt. Det er ein viss fare for lyng og stein i sålen. I skrivande stund, torsdag klokka 21.00, så syner vêrstasjonen nesten ni grader ute. Det vil sei at det er plussgrader til omkring 1000-1100 moh. Håpet er altså at temperaturen skal falle litt dei neste dagane.
27.01.2022
Eit eldorado av naturopplevingar
Kvinnherad, den langstrakte kommunen som utgjer deler av Folgefonnhalvøya, har i lange tider lokka til seg alt i frå adelege frå sørlege Europa til meir moderne fjellbomsar med tape på dunjakkene. Naturen skil ikkje mellom Kong Salomo og Jørgen Hattemakar og inviterer uavhengig av bakgrunn til sterke naturopplevingar gjennom alle årstider.
Kvinnherad er for mange forbunde med fjell, fjord og fonn. Det stridast om kommunen høyrer til Sunnhordland eller Hardanger som region, men mest truleg står kommunen støtt med ein fot i kvar leir. Her finner ein både det karakteristiske landskapet som pregar kystkommunane, med øyer og små holmar, men også det meir nasjonalromantiske preget som Hardanger er forbunde med. Kan ein be om meir?
I lange tider har det vakre landskapet lokka til seg turistar frå både nær og fjernt, anten det har vore adelege frå nedover på kontinentet eller moderne fjellbomsar. Sistnemnte med ei meir spartansk tilnærming til friluftslivet, sett vekk ifrå at dei har med seg utstyr verdt nokre titals tusen. Bandet mellom disse menneska har sine røter i naturen, og for mange av dei er naturen for religion å rekne. For det er få plassar vi kjem nærare oss sjølve enn når vi er ute på tur. Dette er næring til sjela eller egoet, avhengig av korleis vi vel å tilnærma oss det, men uansett gir det potensielt sterke opplevingar som igjen kan gi meistring. Noko som ligg fundamentalt for vår trivsel som menneske. Kvifor så filosofisk tenkjer du? Jo, rådet mitt er: Kom deg ut på tur, anten det er bakom huset, på ein fjelltopp, på sjøen eller i fjæra. Logg av frå samfunnets fasadespel. Fri deg frå stresset og det konstante jaget. Ta eit steg av gangen og la meistringskjensla fylle kroppen din. Det er eit steg på vegen mot eit livslangt forhold til naturen som eg oppmodar alle om å ta. Det gjer oss alle i betre stand til å overlevere moder jord til dei neste generasjonane slik at dei også kan ha gleda over den frie, reine og så verdifulle naturen.
Det er mange fine vatn ein kan padle på. Myrdalsvatnet er eit av dei, og i djupet skjuler det seg stor fisk. Om du ikkje skulle få fisk, så er utsikta meir enn nok til å tilfredsstille eit turglad menneske. På vårparten, når vatnet er isfritt er det også mogleg å kombinere ski og padling. Foto: Cato Leganger
Presentere informasjon
I tida frametter så kjem det til å verte presentert ulike saker på denne sida. Fokuset kjem i all hovudsak til å verte naturopplevingar, anten det er sumar, haust, vinter eller vår. På ski, på bre, med kalk på henda, med fjellstøvlar på eller i kano. Avhengig av kva som er mest aktuelt. Men det kan også verte aktuelt med enkelte kulturelle innslag, anten det er noko hyggeleg ein kan få med seg eller det berre er tips om ein stad kvar ein kan få seg ein skvett kaffi på veg heim frå tur.
Det er ikkje tvil om at den langstrakte kommunen på vestsida av Folgefonnhalvøya, og som vi er heldige innbyggjarar av, har mykje å by på når det kjem til sterke naturopplevingar. Fokuset på innlegga vil variere frå reine turtips med praktisk informasjon for gjennomføring av eigne turar, via turskildringar frå turar vi sjølve har gått, til statusoppdateringar på skiføre i området. Det sistnemnte vil vi prøve å få til kvar veke inn mot den komande helga.
Status skiføre per 27.01.2022
Vinteren så langt har vore prega av regn og vind. Det har vore nokre snødump, men det er lite som har vorte liggande utover i enkelte formasjonar i høgda. I skrivande stund har ein ny runde med vestavêr ført til snø over sirka 800 moh, men utfordringa er at snøen som har falle den siste tida ikkje har noko underlag å legge seg på utover i dei høgareliggande fjelltraktene. Likevel byrjar det å nærme seg eit skiføre, men det varierer stort, avhengig himmelretning, høgde og kvar du er i forhold til Hardangerfjorden. Jo lengre inn i fjellheimen du kjem, jo større sjanse er det for å finne noko som kan minne om skiføre. I løpet av helga er det meldt store mengder nedbør. Snøgrensa skal variere ein del, men forhåpentlegvis så vil det nærme seg føre for alpine turski, og ikkje berre fjellski, når vi vippar over i ny veke.
Frametter kjem det til å kome ein status på skiføret på denne nettsida. Det kjem til å verte publisert før helgeutfarten, og det vil i all hovudsak ta for seg kor ein finner skiføre: kva områder som er aktuelle, på kva høgde ein kan ta på skia og i kva himmelretningar som potensielt vil gi det beste skiføret.
Det vil ikkje verte stort fokus på skredfare i disse statusrapportane, anna enn generelle råd, då det å vurdere skredfare er noko den einskilde må vere kompetent nok til å vurdere sjølv om ein skal inn i skredterreng. Dersom ein treng informasjon om skredfaren så er www.varsom.no/Hardanger den beste staden å lese seg opp.
01.01.2022
Her vil det etter kvart kome ulike artiklar. Innhaldet vil variere frå turrapportar til meir generelle turforslag. I tillegg vil det også vere mogleg å få informasjon om snøforholda i dalen.
For skredfare så må du sjekke ut varsom.no, samt passe på at du har nok kunnskap til å kunne vurdere det sjølv.