Vilkår for turar med Rosendal Fjellsport
Ynskjer du å reise på tur eller kurs med Rosendal Fjellsport, ta gjerne kontakt med oss! Vi er som regel ute på tur, men skriv gjerne ein e-post eller prøv å ring. Det er ikkje alltid vi er innan rekkevidde, men vi svarar så fort vi kan.
Vi har ikkje noko online bookingsystem då det er ynskjeleg med personleg kontakt frå fyrste kontakt.
Ta ein kikk på nettsidene våre. Her finner du litt informasjon om noko av det vi tilbyr. Der det står ”Skreddarsaum” så meines det at vi kan tilpasse tur til dine ynskjer. Har du ein tur du har lyst til å gjennomføre, så kan vi anten planlegge og gjennomføre det, eller vi kan setje dykk i kontakt med nokon som kan hjelpe dykk.
Pris:
Sjå dei ulike arrangementa for pris.
Påmelding og betaling
Ved påmelding betales heile summen for turen/kurset. Når summen er registrert på bankkonto til Rosendal Fjellsport så er avtalen inngått, om ikkje anna er avtalt skriftleg.
Avbestilling og refusjon
Ved avbestilling meir enn 60 dager før start refunderes heile summen.
Ved avbestilling mindre enn 60 dager før start refunderes 50% av summen.
Ved avbestilling mindre enn 14 dagar før start betales 100% av summen.
Ansvar
Deltaking på arrangementa til Rosendal Fjellsport kan medføre ein risiko for uhell og skadar. Vi vil til ei kvar tid freiste å minimere risiko knytt til aktivitetane vi utfører, og vi har som visjon om transparent leiing på føringsturane og kursa våre slik at vi i så stor grad som mogleg involvere gjestane i våre vurderingar. For at vegleiaren skal kunne vere ansvarleg forutsetter det at den enkelte gjest til ei kvar tid er medansvarleg og følgjer rettleiingane til vegleiaren/vegleierane. Vegleiaren har det overordna ansvaret for sikkerheita til gruppa. Deltakerane skal rette seg etter guidens føringar under heile turen/kurset, og innrette seg som ein del av gruppa. Den enkelte deltaker skal informere guiden(e) om sjukdomar og/eller plager som kan vere relevant for turen/kurset.
Det kan bli tatt bilete på turen/kurset som kan nyttast i marknadsføring. Dersom ein ikkje ynskjer å verte teken bilete av, må ein gi beskjed om dette.
Eigenerklæringsskjema må fylles ut før start av den aktuelle tur eller kurs. Dette vert anten tilsendt før den aktuelle turen/kurset, eller tatt med av guiden og delt ut før tur/kursstart. Dette må signeres før tur/kursstart.
Forsikring
Rosendal Fjellsport tilbyr ikkje avbestillingsforsikring, reise- eller ulykkesforsikring på våre føringsturar eller kurs. Det er den enkelte deltakars ansvar å teikne relevant forsikring for aktivitetar knytt til topptur på ski, off piste skikøyring og brevandring. Deltakarane tek del i disse aktivitetane på deira eige ansvar. Rosendal Fjellsport er ikkje ansvarleg for sjukdom, skade eller død under eit arrangement.
Avlysing ved dårleg vêr eller dårlege forhold
Rosendal Fjellsport har rett til å endre arrangementet om forholda tilseier at det originale arrangementet ikkje kan gjennomførast på ein forsvarleg måte, anten det skuldast dårleg vêr eller dårlege forhold. Rosendal Fjellsport vil i så tilfelle gjere det vi kan for å tilby eit alternativt arrangement som er så likt som det originale, i same tidsrom, som erstattar det originale. Om Rosendal Fjellsport ikkje klarer å tilby eit arrangement tilbakeføres summen deltakarane har betalt inn.
Covid-19:
Det er uforutsette tider så dette er mellombels vilkår for 2021. Om det er pålegg eller anbefalingar frå nasjonale eller lokale myndigheiter som følgje av den pågåande Covid-19 pandemien hindrar Rosendal Fjellsport i å gjennomføre eit avtalt arrangement i henhold til tur-kursskildring, skal det tilbys:
- Eit arrangement som følgjer retningslinjene, eller eit alternativt tidspunkt for gjennomføring av arrangementet.
Om Rosendal Fjellsport ikkje er i stand til å gjennomføre eit av nemnte alternativa så skal deltakar få refundert tur-/kursavgift for det aktuelle arrangementet.
