Naturen og fjella rundt Rosendal innbyr til både fjellturar, fiske, telting og padling. Her kan ein vandre i fleire dagar utan å møte folk, ein kan padle kajakk på ein speilblank fjord eller nyte utsikta til solnedgangen over skjærgården i vest. Moglegheitane er mange!
Vi vil gjerne vise fram alt det område har å tilby, og har du ein spesiell tur eller draum du ynskjer å gjennomføre vil vi gjerne hjelpe deg med det. Klikk deg inn på dei ulike sidene i nedtrekksmenyen og les meir.