Fjelltur

Det er mange flotte fjelltopper i Rosendal og omegn. Dersom du ønsker hjelp til å bestige ein av dei så kan vi vise deg veg! Frå toppane får ein god utsikt både til havet i vest og til Folgefonna i aust.

Nokre av fjelltoppane kan nåast på nokre timar, medan ein på dei høgste fjella naturleg nok vil bruke heile dagen. Nokre av fjella som ligger nær Rosendal er Malmangernuten, Melderskin, Laurdalstind, Andersfjell og Nordlifjell. Andre fine turmål i kommunen er Ulvanåso, Gygrastolen, og ein kan også gå fottur frå Bondhusdalen og opp Keiserstien til breen Folgefonna.

Vi tilpassar fotturen etter ønske og evne, slik at du får ei best mogleg oppleving på tur.

Praktiske opplysninger:

  • Du må ha gode fjellsko og klede etter vêret
  • Tidsbruk: 4-10 timar
  • Minst 3 deltakarar