Kajakk

Drøymer du om å padle kajakk på ein speilblank fjord, og komme tett på naturen og dyrelivet? Vi kan hjelpe deg med det! På fjorden har ein god oversikt over Rosendalsalpane og bygda. Det er flott å padle i sundet mellom Snillstveitøy og Kalven, og om ein vil kan ein ta ei pause og avkjøle seg med eit bad her.

Vi kan også arrangere padling på Myrdalsvatnet. Ingenting er som å sjå fjella som spegler seg i vatnet. Ved innerste enden av vatnet kan vi ta ei kaffepause på sanden, og vi har då utsikt opp mot Bjørndalstindane i øvre Myrdal.