Omnatind

Omnatind 1360 moh – Ein klassikar i ”Rosendalsalpane”.

Omnatind er moglegvis den mest vitja skitoppen i fjellheimen vår, og det er det god grunn til. Når ein kjem opp Nipeskar, skaret som tek deg opp frå Myrdal og opp på ”Bandet”, så får ein utsikt over heile tinderekka som utgjer Bjørndalstindane. Snur ein hovudet enda litt meir sør så finner ein det mest opplagte turmålet frå ståande posisjon; Omnatind 1360 moh. Tinden innbyr til fantastisk utsikt, og ikkje minst fantastisk skikøyring. Frå toppen har ein mange moglegheiter med omsyn til nedkøyringa. 

Praktisk informasjon:

  • Sesong: Normalt januar/februar – mai.
  • Lengde: 6-7 timar.
  • Utstyr: Randonee ski/telemark/splitboard, skredutstyr (Sender/mottakar, spade og søkestang), feller tilpassa ski/brett, sekk 30-50 liter.